-
Statsbudsjettet 2027: Frivilligsentralene sakker akterut
Regjeringens forslag til statsbudsjett for 2027 innebærer om lag 488 200 kroner i statstilskudd per frivilligsentral. Det er en økning på bare 2,1 prosent fra 2026, og dermed lavere enn både forventet pris- og lønnsvekst. Norges Frivilligsentraler (NFS) ber nå Stortinget om å styrke tilskuddet.
Pilotprosjektet ‹‹Aktive Sammen› blir invitert inn til kommune møter i Vang
Januar 2022 gjennomførte kommunedirektør Erlend Haaverstad et møte med ungdomsrådet ved Vang barne- og ungdomsskule.Det var et møte hvor alle ledere i de ulike etatene i kommunen var representert, ulike frivillige organisasjoner og prosjektleder Inger Kongslien Tveit i ‹‹ Aktive Sammen-barn, unge og familie›› ved Vang Frivilligsentral og i etterkant ble hun også invitert til et kommunestyre hvor hun fikk presentere prosjektet.Plan om årlig møte mellom kommune og ungdomsrådet
Det er mange som arbeider med og for barn og unge i Vang. Kvar og ein ut ifrå si rolle, anten som etatsleiar, miljøarbeidar, politikar, helsesjukepleiar, lag og foreiningar osv. Nokon er i direkte kontakt med dei unge i arbeidet sitt, medan andre legg til rette for at kvardagen går som den skal med transport, undervisning, aktivitetar osv.
Torsdag 6. januar 2022, hadde kommunedirektør Erlend Haaverstad kalla inn til møte med ungdomsrådet ved Vang barne- og ungdomsskule. Med på møtet var alle etatsleiarane i kommunen, ordførar, varaordførar, helsesjukepleiarar, folkehelsekoordinator, arealplanleggar og Inger Konslien Tveit prosjektleiar for ‹‹Aktive sammen››. Kommunedirektøren seier at planen er å ha eit slikt møte med heile kommuneleiinga og ungdomsrådet, ein gong i året.
På sakslista denne gongen stod bla;
Kva tilbod er viktige for ungdommen i sentrum av Vang? Er kultur- og fritidstilbod i kommunen bra? Kva er det behov for? Psykisk helse, mobbing, utanforskap – Kva meir kan kommunen gjere for ungdommen i arbeid med dette?
Aktivitet og transport tilbud
Mange viktige saker, der me ser at kommunen tek ungdommane på alvor og vil høyre på dei. I fleire av sakene kom det fram at transport er ei utfordring for mange av dei unge, og som gjer til at fleire ikkje kjem seg på aktivitetar dei ynskjer. Busstilbodet er og sterkt redusert etter at pandemien slo inn over oss.
Ungdommen var ærlege både i kommentarar, svara og det som var viktig for dei, og dei vart lytta til. Noko løysing av transport vart ikkje vedtake på dette møte, men dei som er ansvarlige i kommunen for det som kom opp, fekk i oppgåve og jobbe vidare med det.
‹‹Eg som prosjektleiar for ‹‹Aktive Sammen››, minna dei på prosjektet, og at transport til/frå aktivtet er noko eg kan bidra i.›› seier Inger Kongslien Tveit
![]() |
Ordførar Vidar Eltun seier i ein kommentar etter møte at: I ein kommune er det å høyre stemma til dei unge svært viktig. Gjennom Ungdomsrådet får politisk og administrativ leiing i kommunen vite kva ungdommane er opptekne av, og korleis kommunen kan legge til rette for aktivitetar og tilbod for å nå flest mogleg. Sjølvsagt viktig i ein langstrakt og geografisk stor kommune som Vang å finne gode løysingar for transport og kommunikasjon .
Kommunedirektør Erlend Haaverstad stiller seg bak ordføraren sin kommentar.
Amalie Skar i 10. klasse, som er med både i ungdomsrådet i Vang, men og Ungdommens fylkesting, seier etter møte:
Eg tenkjer at Vang kommune tar oss på alvor, ungdommen blir faktisk høyrt. I forhold til møter med kommunestyret og kommuneleiinga, har me berre fått positive tilbakemeldingar. Eg føler at vi blir tatt 100% på alvor. Og når vi spør om eit møte i Ungdomsrådet saman med kommuna, så får vi eit stort JA tilbake med ein gong. Eg føler kommuna er villig til å gjere så mykje som dei kan for å få med barn og unge. Det betyr jo veldig mykje for oss at me har klart å bygge opp dette «forholdet» til kommuna, slik at dei tar oss så seriøst som dei gjer. Men med ein gong me nemner kollektiv transport, eller det og koma seg til og frå plassar/aktivitetar, skjer det lite, og kollektivtilbudet her i Vang (og Valdres) er svært dårleg. Derfor kjem prosjektet Aktive saman inn som er eit utruleg fint og bra konsept. Eg håpar at det blir godt forankra i kommunen, og at barn og unge som treng transporthjelp, får det.
Ei stund etter dette møte, fekk frivilligsentralen ein invitasjon frå ordførar og kommunedirektøren i Vang. Dei ynskte at me kom på kommunestyremøte og informerte om bla prosjektet Aktive saman. Dette gjorde me den 10. februar.
‹‹Me fekk svært gode tilbakemeldingar på både prosjektet Aktive saman, og to andre prosjekt som går i Vang no (Inkluderande Frivilligheit og Ung i Vang) . Dei ville gjerne ha oss på besøk att, for å fylgje opp dette›› seier prosjektleiar Inger Kongslien Tveit
Del på:
-
Høringsuttalelse til NOU 2026: 6 Den nye velferdskommunen
Norges Frivilligsentraler støtter Innovasjons- og samskapingsutvalgets hovedkonklusjon: Norge står overfor en omfattende omstilling av velferdssamfunnet. Utfordringene kan ikke løses gjennom mer tjenesteproduksjon, men krever sterkere lokalsamfunn, økt deltakelse og bedre samspill mellom kommune, innbyggere, frivillighet, ideell sektor og næringsliv.
-
Bli med på Den store samtalen
Den store samtalen handler om å samles for å snakke om temaer som er viktige for oss. Norges frivilligsentraler deltar i dugnaden fordi vi mener samtale og menneskemøter er en grunnverdi for å skape gode lokalsamfunn.
-
35 år med frivilligsentraler – og 10 år med Norges Frivilligsentraler
I år har vi dobbel grunn til å feire: Det er 35 år siden de første frivilligsentralene ble etablert i Norge, og 10 år siden Norges Frivilligsentraler ble stiftet! Vi markerer jubileene med stolthet over det vi har fått til sammen – og med blikket rettet framover.
-
Gode samtaler og feiring på Arendalsuka
Norges Frivilligsentraler markerte 10-årsjubileum med minglefest under Arendalsuka, og hadde en rekke gode møter med både politikere og samarbeidspartnere.

